-
Begrensa kapasitet
På grunn av reglar og restriksjonar i høve brannsikring av bygg, går det for tida føre seg ein prosess mellom brannvesenet og Furuly Turistheim. Derfor vil det vere begrensa kapasitet på antal sengegjester, fram til alt dette er avklart.
-
Ny nettside
Velkomen til Furuly Turistheim og Leirstad sin nye nettside. Me håpar du er nøgd med den! Spørsmål og bestilling: Sjå telefonnummer og e-postadresse øverst på sida. Elles skal det meste av informasjon finnast her. I biletgalleriet kan du sjå mange foto av bygget, romma, kjøkken, stoge m.m., samt bilete av Treungen sentrum. To av bileta syner avstanden frå Furuly til strand og brygge - på bilete 37 ligg Furuly heile øverst til høgre i bilete, du kan såvidt sjå taket inne i skogen. Med andre ord: Kort veg til vatnet!
-
Haust er tur- og fisketid
I Nissedal finnast 1500 gode fiskevatn, og i august og september er fisket godt! Sopp og bær finnast det nok av, og kommunen har uvanleg mange flotte turstiar, vakre, bortgøymde stader og topp moglegheiter for rekreasjon i naturen. Hugs at om hausten må ein orientere seg lokalt om kvar det kan gå føre seg jakt.